Slik har ungdommen i Hareid det

Torsdag 14.november blei Kommunestyret orientert om resultata frå Ungdata-undersøkinga som blei gjennomført ved Hareid ungdomsskule våren 2019.

Klikk for stort bilete86 prosent av ungdommane på Hareid seier dei dagleg brukar tre timar eller meir framfor ein skjerm Illustrasjonsfoto/Pexel   

Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørjeundersøkingar, som gjennomførast over heile Norge. Kommunen nyttar resultata frå undersøkinga i plan- og utviklingsarbeid retta mot born og unge. Datamaterialet blir også lagt inn i ei nasjonal database, med mål om å få ny kunnskap om ungdommar sine oppvekstvilkår generelt. Resultat frå undersøkinga er tilgjengeleg på ungdata.no

Undersøkelsen omfattar ulike livsområder:

  • Foreldre og venner
  • Skule og framtid
  • Fritid og mediebruk
  • Helse og trivsel
  • Tobakk og rus
  • Lokamiljø

Utviklingstrendar

Dette er tredje gong undersøkinga blir gjennomført i Hareid kommune, det gir eit grunnlag for å seie noko om utviklingstrendar.

Trenden i Hareid er lik den nasjonale trenden når det gjeld mediebruk -  digitale mediar spelar ein sentral rolle i kvardagen og for ungdommane sitt sosiale liv. Bruksmønster skil seg mellom gutane og jentene, gutane i Hareid brukar mykje tid på elektroniske spel medan jentene brukar meir tid på sosiale mediar.

Mange unge slit psykisk i periodar. For dei fleste er psykiske lidingar forbigåande, men for nokre blir dei varige. Delen som rapporterer om psykiske helseutfordringar er relativt stabil med resultat med tala i dei tidligare undersøkingane, medan fysiske symptom og plager aukar noko. Bruken av reseptfrie medikament ser også ut til å vere aukande.

Tala tyder på ein nedgang i bruk av alle rusmidlar blant ungdommane, særleg gjeld det røyk og snus. Når det gjeld alkoholbruk viser tala at det store fleirtalet av elevane på ungdomsskulen ikkje har vore rusa, likevel er det framleis mange unge som drikk alkohol, og då særleg i siste delen av tenåra.   Av ungdomskuleelevane i Hareid er det fleire som seier dei har fått tilbod om hasj eller marihuana i samanlikning med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre.

Temaet som omhandlar lokalmiljø er der ein ser størst endring når ein ser på tidstrend. Delen av ungdom som er fornøyd med lokalmiljøet minkar, og skil seg no tydelig frå snittet for landet. Hovudforklaringa er dårleg tilbod på lokale for å treffe andre unge på fritida, men også kulturtilbodet, kollektivtilbodet og tryggheit i nærmiljøet gjer at vi scorar noko lågt.

Undersøkinga viser:

 

Foreldre og venner:

  • 88% seier dei har ein fortruleg venn (Norge 90%)
  • 83% seier dei er fornøgd med foreldra (Norge 84%)
  • 7% seier dei opplever at familien har dårleg økonomi (Norge 4%)

Skule og framtid:

  • 70% seier dei trivast på skulen (Norge 62%)
  • 63% seier dei vil ta høgare utdanning (Norge 61%)
  • 73% har tru på eit lykkelig liv (Norge 71%)

Fritid og mediebruk:

  • 59% seier dei er aktiv i fritidsorganisasjon (Norge 65%)
  • 86% seier dei dagleg brukar tre timar eller meir framfor ein skjerm (Norge 83%)

Helse og trivsel:

  • 11% av ungdomsskuleelevane er mykje plaga av depressive symptom (Norge 15%)
  • 18% av ungdomsskuleelevane har dagleg fysiske helseplagar (Norge 15%)
  • 25% seier dei er mykje plaga med einsemd (Norge 22%)
  • 22% seier dei nyttar reseptfrie medikament minst éin gong i veka (Norge 18%)
  • 58% er fornøgd med lokalmiljøet (Norge 65%)

Tobakk og rus:

  • 1% av ungdommane snusar dagleg (Norge 4%)
  • 9% av elevane på ungdomsskulen har vore alkoholrusa (Norge 13%)
  • 2% av ungdommane har prøvd hasj eller marihuana (Norge 4%)

Her kan du lese heile undersøkinga

Har du forslag til korleis vi kan endre dei negative trendane og ta vare på dei positive? Send inn ditt forslag til politikarane her.