Slik vil vi rapportere om koronasmitte framover

Framover vil vi ikkje rapportere kvart enkelttilfelle av koronasmitte.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Helsestyresmaktene har sagt at smittetalet (i hovudsak) ikkje skal ligge til grunn når dei og kommunane vurderer eventuelle nye tiltak. Årsaka er at svært mange er vaksinert, og for desse vil koronasmitte vere mindre alvorleg.

Frå gjenopninga 26. september kjem ikkje Hareid kommune til å melde smittetilfelle fortløpande, slik vi har gjort tidlegare. Vil vi no berre rapportere kvar veke og elles dersom vi meiner at innbyggarane treng informasjon (til dømes om ein smitta har vore på eit arrangement og deltakarane bør følgje ekstra med på symptom), eller om vi vurderer det slik at vi nærmar oss eit nivå der vi må setje inn tiltak.

No er det sjukdomsbyrde som er kriteriet vi skal måle for å vurdere tiltak. Då er det desse fire indikatorane som vi og helsesstyresmaktene skal nytte:

  • Kor mange er innlagde på sjukehus
  • Kor mange er på intensivavdelingar
  • Kva alder har dei innlagde
  • Kapasiteten i kommunen.

Det er den samla belastninga som også inkluderer influensa og RS-virus som då blir sett på.