Smitterapport veke 8: 229 registrert smitta

Framleis store mørketal. Hugs å registrerer positiv hurtigtest!

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

I veke 8 (21/02-27/2) fekk vi melding om 157 sjølvregistrerte positive testar* og 72 PCR-testar førre veke. Det er litt høgare enn veka før.

Sidan det nasjonale rådet er at berre vaksne med symptom skal teste seg, reknar vi med at vi har store mørketal.

Vi oppmodar alle som får positiv hurtigtest om å registrere på kommunen sine heimesider. Dette gir oss moglegheit til å følgje med på utviklinga i kommunen.

Dei som ikkje har fått tre vaksinedosar (eller to og har hatt covid siste 3 måndar), kan ta ein laboratorietest (PCR) for å stadfeste tilfelle. Då vil resultatet også dukke opp i koronapasset – og gjere det grønt.

For å få PCR-test må du kontakte legekontoret på 70 30 70 70.

Framleis er ingen tilfelle med alvorleg sjukdom i Hareid kommune.

* Frå personar over 18 år.