Snart foreldre?

Bli med på foreldre- og fødselsførebuande kurs på helsestasjonen.

Klikk for stort bileteBli med på fødselsførebuande kurs. Isaac Taylor/pexels.com

Mandag 06.05.19 starter vi opp med eit nytt foreldre- og fødselsførebuande kurs på Hareid helsestasjon. Kurset går over fire ettermiddagar. Ta kontakt med helsestasjonen for å melde deg på, eller om du har spørsmål.

Mandag 06.05.19 kl 17.00:

Fødsel og svangerskap v/ jordmor

Onsdag 08.05.19 kl. 1700:

Amming og fysisk aktivitet i svangerskap og barseltid v/ fysioterapeut og helsesjukepleiar       

Mandag 13.05.19 kl. 1700:

Barseltida v/ helsesjukepleiar og psyk. sjukepleiar                               

Onsdag 15.05.19 kl. 1800:

Det å vere ein familie v/Familievernkontoret        

Påmelding: Helsestasjonen. Telefon 700 37 750

NB! For at kurset skal bli halde, må der vere minst 3 par påmelde.