Søk om tilskot for å inkludere fattige barn- og unge

Målet med ordninga er at barn og unge råka av fattigdomsproblem og deira familie kan delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Klikk for stort bilete  

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige lag og organisasjonar kan søkje om tilskot. Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet.

Målet med ordninga er å motverke og eller dempe konsekvensar av fattigdom blant barn og unge.

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å gjere det mogeleg at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Målgruppa for tilskotsordninga er barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Saman med dei råka inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som inneber at;

  • Barn og unge råka av fattigdomsproblem og deira familie kan delta i ferieaktivitetar
  • Barn og unge råka av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer.

Aktuelle tiltak kan til dømes vere idrettsaktivitet, ferietiltak (dagtilbod), friluftsliv, musikk og dans, førebyggande aktivitet, ferietiltak med foreldre, film/data/ikt, etc.

Ein kan lese meir om tilskotet og søkje via Bufdirs søkeportal. Den opnar for søknadar 22. november.

Søknadsfrist er 13. desember.