Søk tilskot til inkludering av barn og unge

Jobbar organisasjonen eller verksemda di med å få barn og unge inkludert i samfunnet? Då kan de søke om tilskot frå Bufdir innan 18. november!

Illustrasjonsfoto shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Målgruppe

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike orsaker står i fare for å hamne i utanforskap. Nokre aktivitetstyper kan ha ei meir avgrensa målgruppe. Dette kjem fram i forskrifta.

Kva aktiviteter kan få tilskot?

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Aktivitetstyper det kan søkast tilskot til (sjå forskrift og rettleier for informasjon om dei ulike aktivitetstypene på Bufdirs nettside for tilskotsordninga):

  • Kultur-, fritids- og ferieaktivitet
  • Jobbtilbud og rettleiing
  • Utstyrssentral
  • Lokal fritidskasse
  • Kultur- og aktivitetskort
  • Aktivitetsguide
  • Los/ungdomslos
  • Åpen møteplass
  • Utprøving av arbeidsmodellar
  • Koordinering av lokalt arbeid for inkludering av målgruppa
  • Anna lokal aktivitet
  • Sentralledd frivillige organisasjonar – aktivitet i minst fem kommunar

Kven kan søkje

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Slik søker du

Søknadsfristen er 18. november 2022.
 

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om tilskotsordninga, ta kontakt med ungdomsarbeidar i Hareid kommune: Renate Seljeseth Bøe