Solidaritetsmarkering for Ukraina 24. februar
Vi inviterer alle innbyggarar i Hareid til ein eittårsmarkeringa av krigen i Ukraina på biblioteket fredag 24. februar klokka 17.30.
Pexels.com/Max Kukurudziak
Publisert av Erlend Friestad
Sist endra 15.02.2023 09:27
Det vil bli appellar, foredrag og musikk. Deltakarar vil mellom anna vere ukrainske flyktningar, kulturskulen og ordførar.
Etter samlinga som varer om lag éin time, vil det gå fakkeltog til kyrkja. Kyrkja vil vere opa for dei som har behov og ønske for å gå inn.
Lenke til Facebook-arrangement.