Sommarfest med grillmat på dagsenteret

Klikk for stort bileteDagsenterdamene Kari Anne og Barbro stilte opp som brudepar på sommarfesten til Dagsenteret. 

Klikk for stort bileteKjøkenet på Hadartun stilte opp med nydeleg grillmat. Den 08.06.21 arrangerte dagsenteret og kjøkenet sommarfest med nydeleg grillmat.

Bebuarane vart oppmoda til å ta på seg sommarslege klede og gjerne ein sommarhatt, og det var svært koseleg å sjå når dei kom i sin fine sommarstas med stråhatten på.

Det var eit stårlande ver denne dagen. Kjøkenet fyrte opp i grillen og brukarane på dagsenteret og bebuarar frå Hadartun sat ute i sola å kosa seg og spelte Bingo medan dufta av grillmat steig fram.

Menyen bestod av Marinerte grillribber, nakkekotelettar ,grillmør, potetsalat, smørsteikt mais og vassmelon. Sommarpunsj til drikke og is til dessert.

Under middagen var det fin underhaldning med nydeleg trekkspel musikk av Norunn Worren og song av Torill Oda Ringstad.

Det var også litt fellessong.

Vi hadde besøk av eit festeleg Jonsok brudepar som var dagsenterdamene Kari Anne og Barbro.

Bebuarane og brukarane av dagsenteret var svært nøgde med dagen.