Sommarskule 2021

Klikk for stort bilete Tusen takk til alle våre lokale samarbeidspartar, og spesielt takk til SUFH for framifrå gjennomføring av årets sommarskule.

På bakgrunn av alle positive tilbakemeldingar frå både foreldre og elevar er det tydeleg at dette tilbodet har vore ein suksess. Frå Hareid kommune sin ståstad, og oss som har jobbar fram dette, har det vore ein spanande prosess med mykje logistikk og kreativt arbeid.

Vi har no gjennomført to veker med skreddarsydde aktivitetar til barn og unge i vårt lokalmiljø. Deltakarar har fått opplevd ei veke med ulike aktivitetar, stifta nye venskap, fått spanande utfordringar, fått god mat og opplevd meisting på ulike utfordringar.

Vi ynskjer alle ein strålande sommar vidare!

 

Helsing

Sektor for læring og kultur

Cecilie og Christine