Sommarskuleelevane har mykje kjekt i vente

Vi ønsker å by på ei hivens veke, fullspekka med skreddarsydde opplevingar frå morgon til kveld i vårt lokalmiljø.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Vi gler oss til å ta imot årets 5.-7. klassingar til tidenes sommarskule i veke 25. Det er 23 jenter og 27 gutar som skal delta denne veka. Det har vore stor interesse for sommarskule og veldig mange har søkt. Vi har dessverre måtte seie nei til 53 deltakarar. Vi forstår dei som er skuffa, og skulle gjerne gitt plass til alle om vi kunne.

Midlane til sommarskule er eit tilskot vi har fått får regjeringa på grunn av korona-nedstenginga av skular og fritidstilbod i 2020 og 2021. Om det blir sommarskule i 2022 er avhengig av at det sentrale tilskotet blir vidareført, eller at det blir løyva midlar over kommunebudsjettet i desember.

På menyen står spennande møter med kjente og nye ansikt, eit stort utval av aktivitetar og mat som gir næring til læring, leik og kreativitet. Vi er trygg på at dette blir eit godt tilbod til dei som har fått tildelt plass.

I løpet av sommarskuleveka får elevane høve til å teste friluftsliv, kreativt verkstad, handball og fotball, golf/fotballgolf, turn og friidrett og ulike kulturgreiner som dans, visuell kunst og musikk. I tillegg blir det hengekøye-camp og tur til klatreparken i Stryn.

Vi startar måndag 21. juni klokka 08.30. Borna møter opp på den skulen dei går på til vanleg (sjå utsendt infoskriv).

Ordførar Bernt Brandal vil  ønske velkomen og ha offisiell opning av sommarskuleveka.

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i vekes programmet basert på behov, vêr og smittevern.

Velkomen og god sommar!

Helsing

Sektor for læring og kultur v/Cecilie og Christine