Søndag skal ungdomane få vise seg fram

Det blir i år arrangert UKM-lokalfestival på Hareid etter stor suksess i fjor.

Kom til Bankplassen på søndag. Det er gratis inngang.

Sofie Bjåstad (t.v.) og Johanna Naustenget Årvik skal leie UKM-festivalen på sønag. Renate Seljeseth Bøe

Enkelt sagt er UKM

  • ein stad der ungdom møter andre ungdom
  • ein stad der dei får opptre framfor andre
  • ein stad dei  lærer om korleis bransjen fungerer
  • ein stad dei lærer om det å sett opp ein konsert og ei kunstutstilling
  • ein stad dei lærer om kulturbransjen på ein heilt annan måte enn andre stadar

UKM står for ung kultur møtast, og er for ungdom mellom 10 og 20 år. Innanfor UKM kan ungdomane gjere det aller meste som har med kultur å gjere. Målet er at dei skal få utfalde seg og uttrykke seg gjennom kunst og kultur. Her kan dei få vere med å arrangere, danse, synge, organisere, fotografere, male, filme eller kva som helst.

Gjennom året har vi arrangert ulike UKM-workshops der ungdomane har fått lære nye ting, eller utvikla interessene sine. Vi har hatt workshop i til dømes foto, dans, band og kunst. Det har vore stor interesse rundt desse og kursa har vore fullteikna.

No er det UKM-festival som står for tur, og det blir både kunstutstilling og sceneshow.

Kunstutstillinga blir i kunstlaget sine lokalar i Miljøgata og det er mange flotte kunstverk som blir vist fram.

Sceneshowet blir på utescena i festivalområdet ved Rådhuset og det blir både song, dans og band med meir.

Årets konferansierar er Sofie Bjåstad og Johanna Naustenget Årvik. Begge har tidlegare deltatt i UKM og er erfarne deltakarar. Vi spurde dei kva som er det beste med UKM.

Sofie Bjåstad, 14 år: Eg likar å spele handball og har går på kunst. Eg likar å være kreativ og kunne presentere ting som eg interessera meg for. I fjor kom eg vidare til fylkesfestivalen i Herøy med kunstprosjektet mitt. Det var kjempekjekt å møte nye folk å verte kjende. I år har eg meldt meg på som konferansier, kunstnar og arrangør, eg gler meg til ei kjekk UKM-førestilling.

Johanna Naustenget Årvik, snart 14 år: Eg likar å utfordre meg sjølv, derfor har eg meldt meg på UKM også i år. Eg har tidlegare deltatt med kunst, men i år har eg meldt meg på som konferansier. Det beste med UKM er å møte nye folk og sjå alt folk har å vise fram.

Mange flinke ungdomar er engasjert i dette denne dagen, og det er vel verdt å ta seg ein tur. Gratis inngang.

17.00 Festivalområdet og matvognene opnar
16.30-17.30 Kunstutstilling i kunstlaget sin lokalar i Miljøgata
18.00-20.00 Show frå utescena i festivalområdet
20.00-21.00 Afterparty med musikk, DJ Sverre & Lars

Sjekk gjerne Facebooksida til «Ungdom i Hareid» eller programmet for Seinsommarfest.