Spennande endringar i sentrum

Helsehuset får ny fasade og nye naboar.

Klikk for stort bileteHeile kvartalet frå rundkøyringa og til krysset framfor helsehuset blir nytt når Coop skal bygge ny butikk. Det gjer også at helsehuset får ny fasade mot Indre-Hareid.

Coop Vest har kjøpt Kveldsro-bygget (mellom anna Badebutikken og leiligheter). Planen er å rive dette bygget pluss eksisterande butikk for å bygge ny, utvida butikk.

Dette gir nye moglegheiter for helsehuset. Fasaden mot Indre-Hareid har til no vore planlagt som brannvegg utan vindauge. No er fasaden teikna på nytt med vindauge, noko som gjer at romma på denne sida av bygget kan godkjennast som kontor/arbeidsrom.

Tanken er også at det kan byggast ein trappeløysing mellom den nye butikken og helsehuset.

- Eg vil takke Coop for å bli med på å fornye kvartalet og satsar på ny butikk i Hareid. Dette blir eit løft for Hareid sentrum, seier ordførar og leiar for byggenemnda Anders Riise som måndag informerte formannskapet.

Det neste som står for tur med tanke på helsehuset, er grunnarbeidet. Målet er å gjere ferdig grunnarbeidet før fellesferien.

Kvadratmeterprisen på helsehuset blir om lag som før, men sidan bygget får fleire kvadratmeter, jobbar prosjektleiar for å få ned totalkostnadene.

Rivinga av Coop skal starte til hausten.