Spennande legestillingar i splitter nye lokale!

Hareid kommune har to ledige kommunale fastlegestillingar. Dei som får jobben, skal arbeide i det nye, moderne helsehuset.

Klikk for stort bileteHelsehuset er snart klar for innflytting. Legekontoret skal ha tilhald i bygget, saman med mellom anna helsestasjon og Nav. Erlend Friestad  

Vi har ledig to 100% stillingar som fastlege inklusive kommunale oppgåver. Stillingane er faste, og startdato blir etter avtale med deg. 

Søknadsfrist er 17. januar.

Kontorstad som fastlege vert i Hareid helsehus som står ferdig i løpet av våren 2021. Hareid har seks heile legestillingar/legeheimlar, der fire er sjølvstendig næringsdrivande. Frå 2021 er Hareid kommune medeigar i Hareid legesenter AS. Legesenteret har dyktige helsesekretærar som støttepersonell.


Det er eit godt samarbeid med andre kommunale helsetenester som psykisk helse- og rus, sjukeheim, heimetenesta, helsestasjon og Nav. Nav Hareid-Ulstein og Sande vil også vere lokalisert i helsehuset. Det er faste dagar med legetilsyn ved sjukeheimen, barnekontrollar på helsestasjon og helsestasjon for ungdom.

I legetenesta har vi godt samarbeid og godt humør. Det er arbeidsdagar med høve til faglege diskusjonar og rettleiing med fokus på å yte tenester av god kvalitet. Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver, der det er rom for å fordele kommunale oppgåver etter interesseområde. 

Les meir om stillingane og søk her.