Spennande og skummel ferskingkonsert

Hareid MusKlikk for stort bileteBak frå venstre: Lathushan Satheeskumar, Christoffer Bjåstad, Myrthel Husøy Mork, Emilie Gjerde Brandal, Oline Ulstein Bigset (bak) Thanura Premakumar, Tiril Grimstad Kirkebø, Goda Galikaite, Erle Grimstad Kirkebø. Foran frå venstre: Camilla M. Dias Brandal, Ingrid Holstad Dalsøren, Samuel Husøy Mork, Gine Gaasø Teigene, Bavathara Premakumar, Andrine Vik, Bjørn Stokkevåg, Gudmund Gryt. Hareid kommune ikk- og kulturskule hadde onsdag 20. februar ferskingkonsert.

Dette er «nye» elevar som ikkje har spelt/sunge offentleg for publikum før. Det er ein svært spennande og skummel situasjon for mange av dei. Alle elevane gjennomførte med glans, så det var ein rein fornøyelse å vere til stades på den nesten timelange konserten. Til slutt fekk alle artistane diplom for vel utført jobb. Dessverre var ikkje alle ferskingar til stades grunna sjukdom, men desse vil få prøve seg seinare. Her kan du sjå fleire bilete frå konserten.

Les meir om kulturskulen her.