Stadig nærmare fotballhall

Byggestart for fotballhallen er satt til slutten av april.

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bileteHer skal fotballhallen ligge.Fotballhallen skal ligge på vestsida av ungdomsskulen og ha eit samla areal på nesten 3.500 kvadratmeter.

Anbodet er ein totalentreprise og ligg ute på Doffin.no. Per no har det meldt seg 15-20 interessentar fordelt på hovudentreprenørar og underentreprenørar.

Fristen for å levere inn anbod er satt til 1. mars. Signering av kontrakt 2. april.

Byggestart er 23. april og ferdigstilling hausten 2019.

Datoane er tentative og framdrifta vil kunne påverkast av konkurransen og innhaldet i innkomne tilbod, samt byggesakshandsaming i kommunen.

Hareid kommunestyre har løyva 25 millionar kroner til prosjektet.

Her kan du sjå detaljane i anbodet.