Startar pårørandeforeining Hareid sjukeheim og Hadartun

Pårørande til bebuarar på Hadartun og Hareid sjukeheim inviterer til å stifte pårørandeforeining.

Klikk for stort bilete Matthias Zomer/Pexcels.com   

Pårørandeforeininga for Hareid Sjukeheim & Hadartun skal vere eit samlingspunkt for pårørande til dei som bur på avdelingane Rehab, Bu, Skjerma og i leilegheitene på Hadartun.

Vi skal jobbe for våre næraste, slik at dei får ein god og verdig kvardag. Vi skal jobbe i tett samarbeid med dei tilsette på avdelingane og i administrasjonen.

Vi kallar derfor inn til vårt fyrste pårørandemøte.

Tid: Tysdag 24. september kl. 20
Stad: Vinterhagen på Hareid Sjukeheim

 Agenda

  1. Stifte foreining. Vi vil lage eit stiftingsdokument og vedtekter. Vi stiftar ei foreining med organisasjonsnummer fordi det vil for eksempel gjere det mogleg for oss å søke midlar som ein frivillig organisasjon.
  2. Viktige tema for oss som pårørande. Vi set opp ei liste over tema som er viktige for oss som vi tek med oss til neste møte.
  3. Møteplan

Kontaktpersonar er

Toril Overå & Synnøve Overå Hide

Mobil: 91142434 / 48058646

E-post: toril.overaa@gmail.com/synnaoh@gmail.com

Ein kan også be om å få bli med i Facebook-gruppa (berre for pårørande) som du finn her.

Ønsker du å følge arbeidet til pårørandeforeininga, men sjølv ikkje er pårørande, kan du like den offentlege sida deira på Facebook.