Statsrådbesøk på Politihuset i Ålesund

Klikk for stort bilete

 

 

3.juli var representantar i politrådet i det interkommunale SLT samarbeidet mellom Hareid og Ulstein kommune på statsrådbesøk på Politihuset i Ålesund og møtte Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr.

Ordførarar frå Ålesund, Skodje og Hareid kommune deltok, i tillegg til fungerande rådmenn frå Ulstein og Hareid.

Klikk for stort bilete

I vårt møte denne forsamlinga, fekk representantane høve til å fortelje om Hareid og Ulstein kommune si satsing på SLT-samarbeidet og korleis vi i fellesskap med politiet arbeider med rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak i våre kommune.

Lensmann Hans-Erik Pettersen innleia med å orientere om stoda i vår region og kva utfordringar vi møter i arbeidskvardagen. SLT-koordinatorane Christine Riise Øvrelid frå Hareid og Renate Pedersen frå Ulstein orienterte om SLT-satsinga som arbeidsmodell, om satsingsområde og konkrete tiltak som er sett i verk.

Klikk for stort bilete

Vi fekk gode tilbakemeldingar og skryt for arbeidet vi gjer og dette motiverer oss til å fortsette dette viktige arbeidet.

 

Vikebladet har og ein artikkel om besøket (betalside)