Stenger Kjøpmannsgata – omkøyring Nobba

Arbeidet med overvatn- og kloakkrøyr skrir fram. No er turen komen til Kjøpmannsgata.Gravamaskin i Kjøpmannsgata - Klikk for stort bileteKjøpmannsgata blir stengt for gjennomkøyring medan gravearbeidet pågår.  

Klikk for stort bileteGrøne piler viser omkøyring og alternativ tilkomst til butikkane. Raude markeringar viser kvar vegen er stengd og retning på arbeidet. Gata blir derfor stengt ved Teigevegen (krysset med Helsehuset og Eurospar). Det blir skilta omkøyring via Nobba/Drammensvegen (sjå kart).

Les meir om prosjektet her.

Frå dette krysset vil vi grave mot Drammensvegen. Dette arbeidet er venta å ta eit par månader.

Det vil vere tilgang til alle butikkane i arbeidsperioden.

Krysset mellom Teigevegen og Strandgata vil framleis vere stengt ei periode. Det er mogleg å køyre inn til butikkane (Eurospar og T.Riise) frå Strandgata (sjå kart).