Stenging av Engeskard/Almetunellen

Det skal sprengast i veke 36, 37 og 38. Tunellen vil vere open på faste tidspunkt i døgnet.

Klikk for stort bilete

Arbeidet i tunellen vil foregå frå kl 07-19 måndag til søndag. Det kan vare noko lenger enkelte dagar fordi ein må sikre han før arbeidet avsluttast for natta.

Trafikkavviklinga i arbeidsperioden vil vere som følgande:

  • Tunellen blir stengd litt etter kl 07 (etter at skuleskyssen har gått gjennom).
  • Den vil vere open mellom 14-1430
  • Entreprenøren vil prøve å få til ei gjennomkøyring klokka 1700, men må ta atterhald med tanke på fare for nedfall.
  • Tunellen vil bli opna for vanleg trafikk ein gong etter klokka 19 – alt etter kor lang tid det vil ta å sikre han.

Alle mjuke trafikantar bør gå over tunellen i perioden med sprenging.

Entreprenør BMO skal vere so fleksible og hjelpsame som råd i perioden. Det vil ikkje vere arbeid/sprenging i tunellen på sundagar.

For informasjon om skuleskyss, sjå her.