Stian Mork Auberg blir rektorvikar på Hjørungavåg

 

Stian Mork Auberg har starta som rektorvikar på Hjørungavåg skule. Vikariatet varer til 31. juli.

Stian kjem frå Oslo, men har røter frå Mork i Volda kommune. Han har budd på Sunnmøre i mange år og studerte i Volda på tidleg 2000-tal.

Stian har jobba i Hareid kommune på ungdomsskulen i 15 år. Det siste året har han hatt permisjon for å jobbe i ei prosjektstilling inn mot studentar på Høgskulen i Volda.

På fritida likar han å halde på med ski og friluftsliv og Vålerenga fotball.