Stikk UT!: Fellestur til Gamleåsen onsdag 7. september!

Sunnmøre friluftsråd og Hareid kommune inviterer til fellestur til Gamleåsen, som ein del av Stikk UT!-festivalen. Det vert enkel servering og konkurranse med fine premiar!
Bilete av parkbenk og bord i naturen med utsikt til fjord og fjell - Klikk for stort bileteLangs ruta til Gamleåsen finn du denne nydelege rasteplassen med flott utsikt til fjord og fjell. Christer Lundberg Nes  

1.–11. september er det Friluftslivets veke og friluftsråda i Møre og Romsdal oppmodar til feiring av Stikk UT! og den enorme turgleda som regjerer i fylket vårt! Gamleåsen er ein av 10 flotte Stikk UT!-turar i Hareid kommune. Vi håper du tek med deg ein eller fleire og blir med på tur!

Når: Onsdag 7. september 2022

Kva: Alle saman på tur!

Kvar: Stikk UT-turen til Gamleåsen i Hjørungavåg.

Kva tid: Turstart kl. 16.00 frå fotballbanen i Hjørungavåg.

Beskrivelse:
Turen til Gamleåsen er om lag 5 km tur/retur. Den er barnevenleg, med fantastisk utsikt mot Vartdalsfjorden og Vartdalsfjella. Langs ruta ligg ein benk som er ein populær rasteplass, og der vil det vere enkel servering og konkurranse med fine premiar.

Frå parkeringa ved fotballbanen fortsett du vidare inn Hamnevegen, omtrent 600 meter, til du tek av mot høgre inn på Korshamna. Hald fram vidare inn på Åsevegen. Følg grusvegen innover. Etterkvart kjem du til eit privat tun, der det er tilrettelagt med sti ned til venstre. Unntaksvis kan dei som av ulike grunnar (t.d. barnevogn) ikkje kan ta seg fram på den tilrettelagte stien, passere gjennom tunet. Hald fram på stien til du når målet ved Gamleåsen.

Parkering:
Frå sentrum, ta av mot FV 5886, fortsett omtrent 5 km, til du tek av mot Vågsvegen og held til høgre inn på Hamnevegen. Her kan ein parkere ved fotballbanen. Det er også moglegheit til å parkere ved ny P-plass ved krysset til Hjørungneset, ca 400 m etter fotballbanen. NB! Ver venleg å ikkje parkere langs vegen til Gamleåsen.

Her finn du eit kart der turen er markert
Her kan du halde deg oppdatert på Facebook-arrangementet
Les meir om Friluftslivets veke her og arrangement i heile Møre og Romsdal
Les meir om Stikk UT! festivalen 

Plakat med illustrasjon for Stikk UT! turane. - Klikk for stort bilete1.-11. september oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong. Dagleg premiering blant registrerte turar og bilete merka med #stikkutsammen. Les meir ved å følge linken over. Stikk UT!