Stikk UT: Ordførarens tur i Hareid

Bli med ordførar og arkeolog på sosial og lærerik tur til Gamleåsen!

Kollage av bilete frå turen til Gamleåsen - ordføraren innfeldt. - Klikk for stort bilete Monika Torvik
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

7. mai inviterer ordførar Bernt Brandal alle som vil på tur frå Jomsvoll i Hjørungavåg til Gamleåsen. Arkeolog Arve Eiken Nytun blir med og fortel om interessante forhistoriske og historiske kulturminne i området. Hjørungavåg KFUK-KFUM-speidarar stiller med matsal på turmålet. Bli med på ein sosial og lærerik søndagstur i godt lag!

  • Når: søndag 7. mai kl 14
  • Oppmøte: Jomsvoll, fotballstadion til Hjørungavåg IL

 

Om turen:

Kort og barnevenleg tur, med fantastisk utsikt mot Vartdalsfjorden og Vartdalsfjella.

 

Ruteskildring:

Frå parkeringa fortsett vi vidare inn Hamnevegen omtrent 600 meter, så tek vi tek av mot høgre inn på Korshamna. Vi held fram vidare inn på Åsevegen og fylgjer grusvegen innover. Etterkvart kjem vi til eit privat tun, her er det tilrettelagt med sti ned til venstre. Unntaksvis kan dei som av ulike grunnar (t.d. barnevogn) ikkje kan ta seg fram på den tilrettelagte stien, passere gjennom tunet. Vi held fram på stien til vi når målet ved Gamleåsen.

 

Tilkomst og parkering:

Frå sentrum, ta av mot riksveg 5886. Fortsett omtrent 5 km, til du tek av mot Vågsvegen og held til høgre inn på Hamnevegen. Parkering ved fotballbana. Ingen avgift.

PS: Sjølve StikkUt-sesongen startar 1. mai. Følg med på nettsida for meir informasjon. Vi har eit nytt turmål på gang!