Stor interesse for trafikktryggingsplan

Det kom inn over 100 innspel kom til trafikktryggingsplanen. 77 av dei frå Facebook.

Klikk for stort bilete

I samband med trafikktryggingsplanen testa Hareid kommune for fyrste gong å ta imot høyringsinnspel via Facebook. Responsen har vore stor. Totalt har det kome inn 77 merknader til planen – og då har vi ikkje telt med alle tomlane opp som innlegga dykkar har fått.

I tillegg har privatpersonar, interesseorganisasjonar og offentlege instansar levert inn 25 merknadar.

Nordplan jobbar no med å gå gjennom og registrere alle innspel som er komne. Innspela vert tekne med vidare i prosessen og er med på å danne grunnlaget for prioriterte tiltak i trafikktryggingsplanen.

Vegen vidare for trafikktryggingsplanen og merknadane dykkar er som følgande:

  • I løpet av juni skal politikarane vedta planprogrammet (Næring- og miljøutvalet, formannskapet og kommunestyret).
  • Etter sommarferien skal planen på offentleg ettersyn. Då vil det bli aktuelt å involvere innbyggarane igjen med til dømes eit folkemøte.
  • Nærmare jul vil det ferdige planforslaget blir sendt til politisk handsaming  - og vedtak.