Stor snøskredfare i fjellet

Skredfaren på Sunnmøre er på nest høgste nivå. Unngå terreng med helling på over 30 grader og hald god avstand til utløpsområde for skred.

Klikk for stort bileteHer blir skiløparen som blei tatt av skred på Melshornet, henta ut av helikopter. Erlend Friestad   

Store skred er ikkje så vanleg på Hareidlandet, men seinast for to veker sidan, utløyste ein skiløpar skred på Melshornet (ovanfor Grimstadvatnet). Personen måtte hentast med helikopter, men kom elles greitt frå det.

Mykje snø og ustabile lag i snømassane gjer at det skal lite til før eit skred blir utløyst, både naturleg og av menneske. Farevarselet er no raudt (4) som er nest høgaste nivå. Det er også mykje skavlar på toppane. Hald derfor avstand til kanten.

På denne side kan du halde deg oppdatert på snøskredvarselet for Sunnmøre.