Stort engasjement rundt budsjettet

2018 folkemøte budsjett (2) - Klikk for stort bilete Onsdag kveld var det samla om lag 90 personar til folkemøte om budsjett- og økonomiplan for Hareid kommune.

Ordførar Anders Riise ynskte velkomen og ga ordet til rådmann Ragnhild Velsvik Berge. Ho hadde ein presentasjon av kommunen sine oppgåver, og forklarte grunnlaget for budsjettdokumentet. Rådmannen la spesielt vekt på å få fram kommunen sin stramme økonomiske situasjon, i tillegg til breidda i kommunen sine oppgåver. Dette gjer kommunen som organisasjon unik i høve andre bedrifter.  At ein produserer tenester for folk, ofte over lang tid, gir eit stort og tidkrevjande behov for kommunikasjon, samordning, dokumentasjon og kontroll mm. Naturleg nok var eigedomsskatten tema, og ikkje minst kvifor rådmannen såg seg nøydd til å foreslå dette upopulære tiltaket.

2018 folkemøte budsjett (1) - Klikk for stort bilete 2018 folkemøte budsjett (3) - Klikk for stort bilete

Etter orienteringa var ordet fritt og fleire nytta høvet til å gi rådmann og politikarar tilbakemelding. Det var ein konstruktiv debatt med humor og engasjerte innlegg i eit godt samhandlingsklima mellom innbyggarane, politikarane og administrasjonen.

Tidlegare har administrasjonen og formannskapet hatt to dialogmøter kring budsjett- og økonomiplan, det har vore orienteringssak i brukarutvala og hovudavtala, og i kommunestyret. I oppsummeringa av møtet inviterte ordføraren folket til å bruke tida til å gi politikarane innspel fram til det endelege vedtaket i kommunestyremøtet den 13. desember.

Vedlagt er rådmannen sin presentasjon denne kvelden, samt innleiinga i sjølve budsjettdokumentet for den som ynskjer å sette seg endå meir inn i det. Heile budsjettdokumentet med alle tiltaka ligg ute på kommunen si heimeside.

Det endelege budsjettet blir vedteke av kommunestyret 13. desember. Dette møtet, som alle andre kommunestyremøte, er ope for publikum (kl. 12 på Melshorn hotell).