Stramt budsjett gir høgare gras

Det er i år ikkje satt av midlar på budsjettet til å leige inn sommarhjelp for gartnaren.

Klikk for stort bilete 

Det er grøntavdelinga under kommunalteknikk som har ansvar for grøntareala rundt kommunale bygg.

I år, som i fjor, er det ikkje midlar på budsjettet til å leige inn sommarhjelp. Dermed vil det gå lenger tid mellom kvar klipp. Vi vil prioritere fri sikt i kryss og liknande.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt.

Vi ber om forståing for situasjonen og at alle behandler gartnaren på ein skikkeleg måte. Det er ikkje gartnaren som er ansvarleg for budsjetta og prioriteringane. Gartnaren sin effektivitet blir også hemma av at ho manglar bil og tidsriktig utstyr.

Ved dei kommunale utleigebustadane og Hjellebakken 6 og 8 har kommunen leigt inn «Allsidige Tjenester» til å klippe graset.