Straumstøtte til frivillige lag og organisasjonar. Midt-Noreg (NO3) har også rett på støtte.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknadar om straumstøtte.
Søknadsfrist er 16. november 2022, klokka 13.00.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

No kan du søke straumstøtte for perioden juli til september 2022.

Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.

Nytt for september er at også Midt-Noreg (NO3) har rett på støtte. Straumsatsen er likevel vesentleg lågare enn for straumprisområda lengre sør. Til dømes vil ein straumsats på 4,23 øre pr kWt bety at eit forbruk på 10 000 kWt gir eit søknadsbeløp på 423 kroner.

Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga

Kven kan søke?

Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:

• Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
• Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
• Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret: Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.

Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her