Tilsette på sjukeheimen, på eigedomsavdelinga og HG elektro, som utfører arbeidet, gjer alt dei kan for å minimerer talet på straumlause timar og konsekvensane av desse.
I denne artikkelen får du bakgrunnsinformasjon og detaljert prosjektplan slik at du og dine kan vere budd.
Bakgrunn for bytet
Eigedomsavdelinga og HG elektro har inngått eit prosjektsamarbeid med tanke på å skifte ut hovudtavla for straum ved Hareid Sjukeheim. Dette har vi jobba med over tid. Kontrakten for utføring vart signert tilbake i februar 2022. På grunn av forsinkingar med leveranse tok det tid før vi kunne starte arbeidet med å lage den nye tavla og vi valte då å utsette alt til no for å utnytte årstida med meir dagslys og høgare temperaturar.
Årsaka til at vi har valt å skifte tavla er enkel. Tilbake i 2018 svikta ein hovudbrytar på den eksisterande tavla. HG elektro klarte då å ordne delar, bygd ein ny og fekk den på plass. Utfordringa vår ligg i at der er ein hovudbrytar til av same type. Beskjeden då var at ryk den etter 2020 vil det ikkje være mogleg å få delar og erstatte den og då må tavla skiftast ut.
Etter den beskjeden vart det frå vår side bestemt å være i forkant og skifte ut hovudtavla før vi sto i den situasjonen at vi måtte skifte den ut. Med tanke på tida vi har trengt for å få lage ei ny tavle, ser vi at det var ei fornuftig tilnærming.
Målet er å utføre arbeidet i veke 21 og 22. Det vil seie frå og med 22. mai til og med 2. juni.
Bygg 1 er skjerma avdeling og buavdeling. Bygg 2 er Hadartun inkludert leilegheiter. Bygg 3 er kjøkken og korttidsavdeling.
Fase 1
I veke 21 (22 – 26. mai) vil vi førebu arbeidet. Då kjem det til å være personar i bygget som strekker ut leidningar, får på plass beredskapsaggregat med meir. Vi vil også teste ulike system og funksjonar, som for eksempel naudstraumsaggregatet. Dette vert gjort for å sikre at alt fungerer og gjer det det skal den tida vi har behov for å bruke det.
Denne veka vil det på grunn av testinga bli enkelte små straumutfall i heile eller delar av bygget. Desse vil vare 1 – 2 minutt, og skal ikkje påverke drifta ved sjukeheimen i vesentleg grad.
Fase 2
I veke 22 (30. mai – 02.juni) vil vi skifte sjølve hovudtavla. Dette vil gå over fleire dagar og nedanfor listar vi opp dag for dag slik planen ligg føre no.
Tysdag 30.mai: Klargjering for tavlebytte, rigging av generator og provisorisk opplegg for alternativ straumdrift. Vi vil og då bytte generatorbrytar. Det vil då være straumbrot i bygg 1 i om lag 4 timar. Dette omfattar blant anna skjerma avdeling.
Onsdag 31.mai: Koplar vi til provisoriske brytarar og får kopla opp naudstraumsaggregatet. Arbeidet vil starte om lag klokka 09.00 og bygg 1 vil då være straumlaust i om lag 1 time. Så startar vi naudstraumsaggregatet. Då får bygg 1 tilbake straum og vi koplar dei to andre bygga over på aggregatdrift. Bygg 2 og bygg 3 vil då være utan straum i om lag 2 timar.
Deretter vil heile sjukeheimen få straum frå naudstraumsaggregatet. Dette vil være i drift i 24 timar. Det kan kome enkelte blink i lys og korte straumutfall når vi startar aggregatet. Den tida vi går på aggregatdrift plukkar vi ut den gamle tavla og set inn den nye.
Torsdag 1.juni. Startar med at vi koplar straume på den nye tavla. Viss alt er i orden skjer fylgjande:
Om lag klokka 9.00 slår vi av naudstraumsaggregatet og startar arbeidet med å kople til kablane på den nye tavla. Då vil heile sjukeheimen miste straumen. Vi vil då kople til del for del på hovudtavla og startar med:
- bygg 1, som får straum etter om lag 2 timar, klokka 11.00
- bygg 2, får straum etter om lag 3 timar, klokka 12.00
- bygg 3, får straum etter om lag 8 timar, klokka 17.00
Deretter vil vi funksjonsteste tavle og generator, slik vi sikrar at alt fungerer optimalt. Også no kan vi få korte straumutfall og blinking i lysa. Det vil råke heile sjukeheimen.
Fredag 02. juni. Denne dagen går med til nedrigging og opprydding.
Dette er planen slik den ligg føre no. Vi trur dette vil gå slik vi har tenkt, men HG Elektro som skal utføre jobben og har laga framdriftsplanen har i tillegg tenkt igjennom kva som kan gå gale og kva vi skal gjere då. Vi har såleis ein plan B og ein plan C slik at alle eventualitetar skal være dekka dersom noko uføresett oppstår.
I alle tilfelle vil god planlegging og dyktige fagfolk til å utføre arbeidet være suksessfaktorane som får plan A til å fungere. Vi kjenner oss trygge på at vi har begge deler på plass.
Til sist vil vi gjere alle merksame på at dette er eit arbeid som vil påverke drifta vesentleg den veka vi byttar tavla. Heisane vil ikkje kunne brukast og alle som bur, arbeider og oppheld seg i bygget vil bli råka av straumutfalla som kjem.
Minimere konsekvensane
Vi beklagar på førehand desse ulempene, men dette er eit arbeid som er naudsynt. Dersom vi ikkje gjer dette og hovudbrytaren ryk, risikerer vi å gå i fleire veker utan straum. Dette vil være ein verre situasjon enn den som kjem no.
Sjukeheimen mange dedikerte og dyktige tilsette, som arbeider med desse planane og gjer det dei kan for å minimere konsekvensen av tavlebytet for dei som bor på sjukeheimen. Vi kjenner oss trygge på at alle vil verte ivaretekne på best mogleg måte også den tida det merkast best at bygget er straumlaust.