Strenge tiltak i Ålesund, Giske og Sula – råd for Hareid

Klarer vi å halde dei gode råda, kan det vere vi slepp å stenge ned i Hareid.

Klikk for stort bilete 

På grunn av ein uoversiktleg situasjon i Ålesund, med mange smitta og delvis ukjend smitteveg, har Ålesund, Giske og Sula kommunar vedteke å innføre strenge tiltak. Situasjonen er meir alvorleg enn då dei same kommunane innførte strenge tiltak før påske. Blant dei smitta er det mange yngre og ungdommar.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Reglane er omtrent slik dei var før påske. I korte trekk, mellom anna:

  • Plikt til å nytte munnbind når du ikkje kan halde meteren
  • Stenging av treningssentre, svømmehallar, musea, kino med meir
  • Arrangementstopp
  • Stans av idrett- og fritidsaktivitetar for alle over 20 år
  • Skjenkestopp
  • Påbod om heimekontor

I tillegg har dei kome med følgande råd:

  • Maks to gjestar heime per dag
  • Maks ti nærkontaktar per veke (utenom skule og arbeid)
  • Oppmoding om å halde to meter avstand til alle enn dei du bur med
  • Innbyggarar bør handle lokalt og ikkje oppsøke kjøpesentre unødig
  • Unngå unødige reiser

Les fullstendige reglar og råd på Ålesund kommune si heimeside.

Kva vil dette seie for deg som bur Hareid?

Kriseleiinga i Hareid kommune følgjer situasjonen i nabokommunane våre tett. På noverande tidspunkt er det ikkje naudsynt å vedta eigne forbod og påbod for Hareid kommune.

I ettermiddag har kommunane i Møre og Romsdal vore i samordningsmøte med statsforvaltaren og Folkehelseinstituttet.

I dette møtet kom FHI med råd å unngå unødige reiser til og frå Ålesund, Giske og Sula kommunar.

Dersom vi følgjer dette rådet, kan vi håpe på at vi kan unngå å få smitten over fjorden. Det kan gjere at vi slepp å innføre tilsvarande tiltak i Hareid kommune.

Følg også desse råda:

  • Dersom du må reise, må du følgje reglane og råda i den kommunen med strengast tiltak. Døme: Reiser du frå Hareid til Ålesund må du følgje råd og reglar som gjeld i Ålesund. Reiser du frå Ålesund til Hareid skal du også følgje råd og reglar som gjeld i Ålesund.
    • Det betyr mellom anna: Personar som bur i Ålesund/Giske/Sula, men jobbar i Hareid, bør ha heimekontor dersom mogleg.
    • Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå desse kommunane (Hurtigbåt, buss, ferje)
    • Bur du i Ålesund/Giske/Sula, skal du ikkje delta på fritidsaktivitetar eller trene i Hareid kommune.
  • Hald deg heime og test deg om du har mistanke om at du har vore i nærleiken av smitta
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – også milde
  • Hald avstand til alle andre enn husstandsmedlemmar
  • Vask hender grundig og ofte. Nytt handsprit dersom