Strenge tiltak i nabokommunane våre

Ålesund, Giske og Sula har innført strenge reglar for å handtere utbrot av den meir smittsame varianten av koronaviruset. Det får også konsekvensar for oss som bur og jobbar i Hareid kommune.

Klikk for stort bilete 

 


Ålesund har eit pågåande utbrot med ekstra smittsame variantar av koronaviruset. Søndag 21. mars innførte dei strenge tiltak for å hindre spreiing. Mellom anna er treningssenter, svømmehallar, kino med meir stengt. Det er også innført skjenkestopp og forbod mot arrangement.

Hareid kommune vurderer situasjonen fortløpande, mellom anna om det er naudsynt å innføre forbod/påbod i vår kommune også. I fyrste omgang vil vi kome med følgande råd:

 

Munnbind på hurtigbåt 

Dersom det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand, er det påbode å bruke munnbind i Ålesund, Giske og Sula. Det gjeld mellom anna på kollektivtrafikk. Skal du reise med hurtigbåten/ferja eller anna kollektivtransport som kryssar kommunegrensene, er rådet at du har på munnbind heile reisa.

Heimekontor

I Ålesund, Giske og Sula er det påbode med heimekontor. Vi oppmodar alle som bur i desse kommunane, og jobbar i Hareid kommune til også å ha heimekontor. Målet er å hindre at smitten blir tatt med over kommunegrensene. Det generelle rådet frå nasjonalt hald er at alle som har moglegheit – nyttar heimekontor.

Følg dei strengaste reglane

Tommelfingerregelen er at du skal følgje råda og reglane som gjeld i den kommunen som har sterkast tiltak. Det vil seie at bur du i Ålesund, og reiser til Hareid – skal du følgje råda og reglane som gjeld for Ålesund også under Hareid-opphaldet. Tilsvarande om du bur i Hareid, og reiser til Ålesund, skal du følgje dei lokale reglane og råda i Ålesund.

Skal du til eller frå Ålesund, Giske eller Sula, må du derfor setje deg inn i kva reglar og råd som gjeld.

Her er lenke til forskrifta som gjeld i dei tre kommunane.

Det er straffbart å bryte forskrifta som dei tre kommunane har vedteke.

Forskrifta gjeld førebels fram til og med 11. april.