Taket er tett! Kranselag for Langhuset i Vikingparken.

Med begeistring har vi fulgt med på det møysommelege dugnadsarbeidet – frå smått til stort. No er nok ein viktig milepåle nådd! Bilete av byggverk og mennesker. - Klikk for stort bileteLanghuset på Leira i Hjørungavåg har funne si form, til glede for ildsjelene som har lagt ned utallige dugnadstimar. Melinda Skeide

Laurdag 10. september kunne Hjørungavåg Vikingpark invitere blant anna Hareid kommune til kranseskål. Kulturkonsulent Melinda Skeide og ordførar Bernt Brandal tok turen.

– Eg er imponert over den store felles innsatsen som blir lagt ned i dette prosjektet, sa ordføraren i talen sin.

Hjørungavåg Vikingpark skal bli eit formidlingssenter for handverkstradisjonar, mat, klede, arkeologiske funn og forteljing av historia om slaget ved Hjørungavåg. Gildehallen, med 7 meter til møne, blir eit fantastisk samlingslokale som kan leigast ut ved ulike høve.

Seks personar foran eit hus under bygging. - Klikk for stort bileteDesse seks har vore med i prosjektet alle dei 4 åra hittil - frå venstre: Børre Pilskog, Arne Dimmen, Øystein Liavåg, Bjørn Overå, Ronny Nipen og Gunnar Hjørungnes. Melinda Skeide Det er brukt mange tusen timar så langt, men prosjektet er berre i startgropa. Det blir spanande å følgje med vidare. Følg prosjektet på Hjørungavåg Vikingpark si Facebookside

Les heile talen til ordføraren her:

Gratulerer med Dagen!

Kranselag, sperreskål eller mønsåsfest er ein «fest» gjeve av byggherren for arbeidarane på bygg når mønsåskransen er røyst. Den vart markert ved at snekkarane sette opp ein krans eller eit lite tre i mønet når huset var under tak.

Byggherren spanderte då ein fest for arbeidarane – helst innan ei veke. Dersom festen vart halden i tide hang snekkarane opp eit flagg eller ein blomsterkrans på bygget – dersom ikkje hengde dei gjerne opp ei filledokke.

Tradisjonen har røter tilbake til Sentral-Europa omkring 1400 talet, men er ulik frå land til land. I dette prosjektet er byggherre, entreprenør og handverkarar dei same og eg vil gratulere dykk med eit framifrå flott prosjekt!

Bygging av Langhuset og Vikingparken her på Hjørungavåg er kjempepositivt  for heile kommunen og vil verte ein attraksjon for innbyggarar og turistar frå inn og utland. Det vil skape synergiar i heile regionen.

2022 er frivilligåret og vi feirar frivillige lag, organisasjonar, dugnadsarbeid og den framifrå og viktige innsatsen som vert lagt ned her i Hareid og rundt om i landet elles. Reknar ein med alt av arbeid som er gjort i samband med utvikling og bygging av vikingparken, snakkar vi om meir enn 7000 dugnadstimar – det er heilt rått!

Frivillig arbeid er avgjerande for eit aktivt og levande lokalsamfunn. Prosjektet Vikingparken her på Hjørungavåg er eit strålande eksempel på kva frivillig arbeid betyr – eg er stolt av dykk og gler meg til fortsetjinga!

Tusen takk til alle som har bidrege så langt og nok ein gong - Gratulerer med dagen!

Les meir om saka og sjå fleire bilete i Vikebladet

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.