Takk for all støtte til TV-aksjonen 2022 - Legar utan grenser!

Tusen hjarteleg takk til alle som gjekk søndagsturen med bøsse, til alle som ga pengar og til alle som har stått på med aktivitetar eller bidro på ein eller annan måte!

Bilete viser doktor som undersøker eit lite barn. Logo for TV-aksjonen. - Klikk for stort bilete TV-aksjonen 2022 "Saman reddar vi liv" - Legar Utan Grenser
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Flott innsamlingsaksjon!

Saman har vi samla inn totalt kr. 378 422,- Hareid ligg på 3. plass i fylket med kr. 73,82 pr. innbyggar i kommunen. Dette er kr. 24,75 over landsgjennomsnittet på kr 49,07pr. innbyggar.  

Det vart gjeve kr. 124.512,- i bøsser og via Vipps. I tillegg kom det inn pengar via sms og bankkonto.

Skulane og barnehagane samla inn heile kr. 155.312,- via aktivitetane og sine digitale bøsser. Imponerande! Mest spenning var det kanskje knytta til Hareid skule si bøsse, der tre innsamlingsmål var sette. Mål nr 2 vart passert med god margin og rektor Hege Tretnes kan no sjå fram mot ei fin haustleg overnatting utandørs - i hengekøye. Men er det framleis mogleg å nå mål nr. 3? :)

Her kan du lese statistikk og følgje med på resultatet i Hareid kommune

Vi minner om at det framleis er mogleg å støtte Legar uten grenser

Digitale bøsser, Vipps og andre betalingskanalar er opne til utgangen av november månad.

Årets innsamla midlar går i år til Legar Utan Grenser sitt arbeid for å sikre heilt naudsynt helsehjelp, førebygge epidemiar og behandle kjende og ukjende sjukdomar i fire land: Den Sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo, Sierra Leone og Bangladesh.

Akkurat no ventar millioner av menneske på å bli behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgong til helsehjelp er inga sjølvfølge. Utan tilgong til legehjelp, vaksine eller medisinar døyr millionar av menneske kvart år.

Legar Uten Grenser samarbeider også med forskningsorganisasjonen DNDi som forskar på sjukdomar som i stor grad berre rammar fattige og nedprioriterte pasientgrupper. I samarbeid med DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane også brukast til å utvikle medisinar mot gløymde, dødelege sjukdomar.

Nokre fakta:

  • Halvparten av verdas befolkning har ikkje tilgong til naudsynt helsehjelp.
  • Neglisjerte, tropiske sjukdomar gjer at rundt 400 000 menneske får funksjonsnedsetjing kvart år.
  • Over 13 millonar born har mista ein eller begge foreldre pga AIDS.
  • Tuberkulose tek 1,5 millonar liv kvart år.
  • Meslingar var og er verdas mest smittsomme sjukdom. Millionar av liv er spart takka vere vaksine.
  • Malaria kan behandlast med 2 tablettar som kostar 10 kroner.
  • Revolusjonerande medisinar gjer at Hepatitt C kan kurerast på 3 mnd.