Takk til alle som svarte på innbyggarundersøkinga!

Resultatet vil bli lagt fram for innbyggarar og politikarar.

Klikk for stort bilete

843 innbyggarar, eller 21 prosent, svarte på undersøkinga. Takk til alle som svarte og var ambassadørar for undersøkinga!

Vi skal no gå gjennom rapporten og analysere svara før resultatet blir presentert for politikarar og innbyggarar.

Allereie no kan vi seie noko om kven som svarte på undersøkinga:

  • 55,5 prosent av svara kom frå kvinner
  • 79,5 prosent av dei som svarte har budd i kommunen i meir enn 15 år
  • 25,4 prosent av dei som svarte bur saman med minst ein person under 18 år.
  • 38,6 prosent av dei som svarte bur i ein husstand med to personar.
  • 77,8 prosent av dei som svarte bur i einebustad.
  • 49,9 prosent av dei som svarte har universitet- eller høgskuleutdanning.