Takkar for bilete-gåve

Fotograf Jenny Røyset har donert to fotografi til avdeling for psykisk helse i Hareid kommune.

Klikk for stort bileteMonica Svoren (f.v.), einingsleiar i Helse og koordinerande eining, og Kjerstin Bjørdal Alnes, koordinator i Teneste for psykisk helse og rus, tar imot fotografia frå Jenny Røyset.  

- Eg har valt å donere to av bileta mine til psykiatri-tenesta i Hareid kommune fordi dei gjer ein god jobb for dei som slit psykisk. Det å sette ord på ting som er vanskeleg, er ikkje lett for alle. Eg er utruleg takknemleg for hjelpa eg sjølv har fått. Vi treng alle oppmuntringar i desse korona-tider, sier Jenny Røyset om kvifor ho har gitt to av sine bilete.

Bileta skal henge i venterommet som blir brukt av både tilsette og brukarar.

Dei tilsette i Teneste for psykisk helse og rus er veldig takksame for dei flotte fotografiene dei har fått.

- Tenesta blei flytta til ei anna etasje for eit år sida, og har verkeleg hatt behov for noko å hengje på veggane for å gjere det litt koseligare. Då er det ekstra kjekt å få slike nydelige naturfoto frå vår flotte kommune av ei så har så godt auge for gode motiv, seier Kjerstin Bjørdal Alnes, koordinator i Teneste for psykisk helse og rus og Monica Svoren, einingsleiar i Helse og koordinerande eining.