Pexels.com/illustrasjon
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Varslingsprøva den 8. januar blir gjort over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.
Ei så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
På nettsida nodvarsel.no kan du lese meir om denne testen og varslingssystemet.
Les også: Hareid kommune varslar gjennom Varsling24 – sjekk om du er registrert