Tidlegrøystinga startar måndag 1. juli

Allereie måndag 1. juli kan du tidlegrøyste i kommune- og fylkestingsvalet.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Veljarar som oppheld seg innanriks og som ikkje kan røyste i perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan ta kontakt med kommunen for å få avgi stemme frå 1. juli. Bakgrunnen for ordninga er mellom anna å kunne gi sjøfolk moglegheit til å nytte røysteretten.

I Hareid kommune har vi organisert det slik at innbyggarane kan kome til rådhuset/servicetorget i opningstida kvardagar klokka 09-15. 

Ordninga er meint for dei som ikkje kan stemme innanfor ordinær førehandsrøysteperiode eller på valdagen, men det er ikkje noko krav om at du må dokumentere dette.

Dersom desse tidspunkta heller ikkje passar, kan du ta kontakt med valstyret/valansvarleg, so skal vi sjå om vi kan ordne eit alternativt tidspunkt.

Fordel med tidlegrøysting:

  • Det gjer moglegheit til å røyste viss dei andre tidane ikkje passar

Ulemper: 

  • Valkampen har ikkje starta for fullt, so ein har kanskje ikkje bestemt seg for kva ein vil røyste.
  • Dei ordinære røystesetlane (gjeld berre fylket) er ikkje på plass, dermed må ein stemme «berre» på parti og kan ikkje gi personstemmar til kandidatar.

 

  • Tidlegrøysteperioda varer frå 1. juli – 9. august.
  • Ordinær førehandsrøysting skjer mellom 12. august – 6. september.
  • Sjølve valdagen er 9.  september.