Tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine

Er du fullvaksinert og over 65 år og ønsker ei tredje oppfriskingsdose mot korona?

pexels.com  

Snart vil alle som er født i 1937 og seinare få tekstmelding frå c19.no om at dei kan bestille seg time til  tredje dose med koronavaksine (oppfriskingsdose) på Hareid helsestasjon. De vil få tilbod etter alder. Det må også ha gått minst fem månader sidan andre dose. Vi skal vaksinere 17. november, 1. desember og 15. desember.

Alle født i 1936 og før blir kalla inn via telefon frå Hareid legesenter og vaksineringa blir utført på «gamle» Hareid legesenter. Dei som bur på institusjon vil få tilbod der.