Tilsett ved Hjellebakken smitta – stenger for besøk

Ein tilsett ved Hjellebakken har testa positivt på covid-19.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Brukarar og tilsette på eininga blir testa etter kvart. Medan vi ventar på svar, må vi stenge Hjellebakken for besøk, sannsynlegvis ut veka. Pårørande som har spørsmål kan ta kontakt med Hjellebakken.

Dei tilsette på Hjellebakken har lagt ned ein stor innsats for å sikre godt smittevern. Dei tilsette er saman med brukarar delt inn i kohortar for å avgrense eventuell vidare smitte.

Nesten alle nærkontaktane til den smitta er vaksinerte, og dei fleste er fullvaksinerte. Dei må derfor ikkje i smittekarantene. Likevel testar vi alle for å vere på den sikre sida. Berre ein person er rekna som nærkontakt og må i smittekarantene.

Smitten kjem frå annan landsdel og smittevegen er kjend.