Ting snur fort – smitteutbrot i Ørsta/Volda

Vi håpar at innbyggarane i Hareid kommune er ekstra merksame på symptom den neste veka.

Pexels.com  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Nabokommunane våre, Ørsta og Volda, har eit pågåande, stort smitteutbrot i kommunen. På grunn av ferieavvikling har dei hatt kapasitetsutfordringar både når det gjeld smittesporing og testing.

Til no er det registrert 15 smittetilfelle. Dei fleste er unge personar tidleg 20-åra som er smitta på festar/utestadar. Det store talet på nærkontaktar har gjort at kommunane ikkje har hatt kapasitet til å kontakte alle.

Dømet frå Ørsta/Volda viser kor fort ting kan snu. Gjennom sommaren har dei knapt hatt smitte. Så vegen frå å gå éin månad med ingen/få smitta, til eit stort, uoversiktleg utbrot er veldig kort.

Test ved symptom

Vi oppmodar innbyggarar i Hareid kommune, særleg dei i denne aldersgruppa, og særleg om dei som har mykje kontakt over fjorden til å vere merksame på symptom den neste veka.

Terskelen for å teste seg skal vere låg.

Kommunelegen i Volda ber alle som har vore følgande stader om å teste seg:

  • My kitchen denne veka
  • Aktiv treningssenter i Ørsta heile måndag 26.07 og tysdag 27.07 denne veka
  • Fugl føniks tysdag 27.07
  • Christian gård på Trandal tysdag 27.07 frå kl. 16.00 og resten av kvelden.

 

Avstand og vask

Vi nyttar også høvet til å minne om å halde 1 meter avstand, vaske hender ofte og grundig og halde deg heime om du er sjuk.

Men kva med vaksinerte?

Mange er no vaksinerte, men den vernar ikkje 100 prosent mot å bli smitta, så vaksine er ikkje frikort for å gjere kva som helst. Har det gått tre veker sidan fyrste dose, er du rekna som «beskytta», då kan du sleppe opp litt i private samanhengar. Ute blant folk, til dømes på ein utestad, gjeld akkurat dei same råd og reglar som for uvaksinerte.