To nærkontaktar i Hareid kommune

To innbyggarar i Hareid kommune er sett i karantene då dei er nærkontaktar med ein smitta person i Herøy kommune.

Klikk for stort bilete Begge to blir testa i dag, tysdag, og er sett i karantene.

På den nasjonale oversikta over registrerte smittetilfelle, fekk Hareid eit nytt tilfelle måndag. Denne oversikta registrerer smittetilfella på folkeregistert adresse – og ikkje bustadadresse. Det nyregistrerte smittetilfellet er ikkje busett i kommunen. Det er bustadkommunen som har ansvar for smittesporing og oppfølging. Vi kjenner ikkje til kven og kvar vedkomande er busett. Vi hadde eit liknande tilfelle 27. mai.

Totalt har vi registert to smittetilfelle i kommunen. Førre registrerte smittetilfelle i kommunen var 27. mars.

Få oppdatert oversikt over koronasituasjonen i Hareid kommune på vårt koronaportal.