Personane var allereie i innreisekarantene.
Det eine tilfellet var nærkontakt til smittetilfellet som blei meldt 9. januar.
Smittesporinga har til no ikkje avdekka nye nærkontaktar, utover den siste av nærkontaktane frå 9. januar-tilfellet.
Totalt har vi hatt seks tilfelle i kommunen*. Vi er heldige som til no ikkje har hatt personar som er blitt smitta i Hareid kommune. Vi har derimot ingen garanti for at det ikkje kan skje.
Derfor: Hald fram med å praktisere smittevernråda.
- Hald avstand. Minst 1 meter til dei du ikkje bur med, og minst 2 meter til dei i risikogruppene.
- Vask hender grundig og ofte. Bruk handsprit dersom såpe og vatn ikkje er tilgjengeleg.
- Hald deg heime om du er sjuk
- Test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon, mistar smak- og luktesans eller trur du kan ha blitt smitta. (Les meir på helsenorge.no om symptom.)
* Det nasjonale smitteregisteret MSIS (som mange medier nyttar i sine oversikter) melder om at elleve personar frå Hareid kommune er registrert smitta (totale tal sidan mars 2020). I dette registeret er smittetilfella knytt til folkeregistrert adresse. Det er ikkje nødvendigvis det same som bustad- eller tilhaldsadresse. Hareid kommune kjenner ikkje til dei fem siste smittetilfella, noko vi ville ha gjort om dei var busett i eller opphaldt seg i kommunen.