Treffer vi med kommunikasjonen vår?

Hareid kommune skal lage ein kommunikasjonsstrategi. I samband med dette ønsker vi å få vite kva du synest om korleis vi kommuniserer med deg.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Vi har derfor laga ei kort spørreundersøking (5 minutt) og håpar at flest mogleg tar seg tid til å svare.

Undersøkinga vil vere ein fin temperaturmålar og gi oss viktige signal på kvar vi må legge inn ekstra innsats og kvar styrkene våre er.

Her kan du ta undersøkinga.

Til slutt: Lik oss på Facebook og meld deg på nyheitsbrevet vårt for å halde deg oppdatert.