Treng du å røyste heime?

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan oppsøke vallokale eller førehandsrøyste, er det mogleg å få røyste heime.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad

«Ambulerande stemmegiving», som det kallast, er eit tilbod for at dei som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan oppsøke eit av vallokala på valdagen eller førehandsrøystelokala, skal kunne stemme. 

Når ein røyster heimanfrå vil to valfunksjonærar kome til deg med røystesetlar og urne. 

Dei som ønsker å stemme heime (eller på annan plass der ein oppheld seg) må søke til valstyret i kommunen. Det må gå fram av søknaden at veljaren er sjuk eller ufør og derfor ikkje har moglegheit til å røyste annan stad.

OBS: Ein treng ikkje legeerklæring og må heller ikkje oppgi kva sjukdom/anna grunn og kvifor dette fører til at ein ikkje kan stemme på annan stad.

Valstyret har sett frist til onsdag 4. september med å søke om heimerøysting. Heimerøystinga vil skje i perioden 2.-6. september. Ta kontakt med valansvarleg Erlend Friestad på telefon 971 43 543 (frå 29. juli) eller e-post erlend.friestad@hareid.kommune.no for å søke/avtale tid og stad.