Treng du nokon å prate med?

Hareid sokn, Frivilligsentralen og Hareid kommune har i samarbeid oppretta eit samtaletilbod som alle kommunen sine innbyggarar kan nytte.Klikk for stort bilete  

Klikk for stort bileteHeidi Kvalsvik - leiar av Frivilligsentralen, Barbro Landmark - kyrkjelydspedagog og Lars Hartig-Tangedal - sokneprest er tilgjengelege for dei som har behov for å prate.Kjenner du på uro, bekymringar, eller einsemd? Treng du nokon å snakke med? Eller treng du berre å lette hjartet ditt?

Personane under har tid og rom for å lytte. Dei har også teieplikt.

  • Lars Hartig-Tangedal, sokneprest i Hareid, mobil 997 87 199
  • Barbro Landmark, kyrkjelydspedagog i Hareid, mobil 920 90 174
  • Heidi Pedersen Kvalsvik, dagleg leiar Hareid frivilligsentral, mobil 419 30 282

Dersom du ikkje får svar, send ei tekstmelding, so ringer dei opp igjen.

For helsespørsmål eller spørsmål om korona generelt og status i Hareid kommune spesielt, sjå under.

Andre samtaletilbod

 

Helsespørsmål

Har du spørsmål om eiga helse, må du ta kontakt med helsepersonell:

  • Hareid legesenter:  70 30 70 70 / 70 03 77 00 (ved luftvegsinfeksjonar). Les meir her.
  • Legevakt: 116 117 – skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er opent
  • Akutte, livstruande hendingar: 113 – medisinsk naudtelefon

 

Koronaspørsmål

Har du generelle spørsmål om korona?

  • Sjå helsenorge.no eller ring Folkehelseinstituttet si koronatelefon på 815 55 015

Hareid kommune under koronakrisa

Har du spørsmål om Hareid kommune og tenestene våre under koronakrisa?

Sjå vår koronaportal her.