Trygt å bade på Overåsanden

Prøvene frå sjøen på Overåsanden syner at det er heilt trygt å bade der.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad

På grunn av funn av farlege bakteriar i dei to bekkane på Overåsanden, tek kommunen vassprøver av sjøen kvar veke gjennom sommaren. Førre prøve var 24. juni og viste at bekkane ikkje påverker kvaliteten på badevatnet.

Vi kjem ikkje til å kome med nye meldingar om badevatnet, so lenge dei vekentlege prøvene ikkje visar noko unormalt.

Vi rår folk til å ikkje leike/bade i bekkane då det er her vi har funne tarm-bakteriar.