Tur til Hakallegarden for førskulebarna

Tysdag 18. juni reiste førskulebarna på avslutningstur til Hakallegarden. Dette er ein årleg tradisjon dei kommunale barnehagane har.Klikk for stort bileteDet er tradisjon at førskulebarna i dei tre kommunale barnehagane drar på tur til Hakallegarden. Hareid kommune

Både barna og dei vaksne hadde ein kjekk tur med mange opplevingar. Vi fekk mellom anna helse på dyr som hest, gris, ku, høner, hund, katt og alpakka. Samt at barna fekk leike på den flotte leikeplassen på garden. Barna fekk og ta del i ulike gjeremål som på garden. Dei fekk sitte på hengaren til Gråtass, og køyre mat til grisane. Nokre barn ga flaske til kalven og flaskelamma.

Barna satt igjen med mange inntrykk etter turen. Dei fekk sjå og helse på dyr dei aldri har sett før. Dei syns kua hadde mykje pels og at sauene var morosame. Det var kjekt å ri på hest, kose med kattungane, hoppe på trampolina og slenge seg på ziplinen.

Vi takkar Aina på Hakallegarden for minnerik dag.