TV-aksjonen: Hareid nest best i fylket

I snitt ga kvar innbyggar i Hareid kommune 79 kroner til TV-aksjonen. Takk til alle som ga, alle som bar bøsser og andre som bidro til det flotte resultatet.

Klikk for stort bileteFylkesleiar Gunn Berit Gjerde kom innom rådhuset for å gi. Der tok rodeleiar og ordførar Anders Riise imot. Ann Mari Harkjerr var klar med bøssa. Kristian Fuglseth   

Totalt samla innbyggarane i Hareid kommune inn 409288 kroner. Det er ny rekord og svarar til 79,40 kroner per innbyggar – 37 kroner meir enn landssnittet.

Summen gjer Hareid til nest beste kommune i fylket og 40. best i landet.

Det blei samla inn neste 200.000 kroner i bøssene, so takk til alle som gjekk med bøsse. Vi hadde sjeldan stor pågang frå folk som ville gå. Det gjorde at vi fekk inn 75.000 meir enn vanleg i bøsse/vipps.

Det blei samla inn over 100.000 kroner i regi av barnehage og skular.

Her kan du sjå fleire tal og sjå kva som blei samla inn i andre kommunar.

Aksjonskomiteen ønsker å takke alle som har gitt, gått, bakt, jogga, selt lodd med meir for innsatsen!

Pengane vil kome godt med i arbeidet for å gi kvinner og jenter i fattige land moglegheiter.