TV-aksjonkonteiner på plass i Hareid

Vi vil gjere det enkelt å samle inn både søppel og pengar til årets TV-aksjon, som går til å bekjempe plast i havet.

Klikk for stort bileteSSR har plassert ut ein strandryddekonteiner i Hareid sentrum i samband med TV-aksjonen.  

Klikk for stort bilete  Måndag leverte SSR ein eigne strandryddekonteiner i Hareid sentrum. I den kan alle som plukkar søppel frå strender, svaberg, skog og grøftekanter kaste eigarlaust avfall som dei finn. Vi vil at alt avfallet skal leggast i eigne strandryddesekkar. Det får du på rådhuset og miljøstasjonen i Saunesmarka.

LES OM TV-AKSJONEN: 250 kilo plast i havet kvart sekund

Sidan vi bur på ei øy, er alt søppel du finn ute i naturen eller i grøftekantane rekna som strandryddeavfall – søpplet vil nemleg før eller sidan hamne i havet likevel.

Konteineren vil stå på torgplassen ved Hareid trafikkterminal til måndag 19. oktober.
Dersom konteineren blir misbrukt, vil den blir tatt inn før tida og tilbodet blir avslutta.

Rydd lokalt, støtt globalt
Visste  du at du kan tene penger til TV-aksjonen ved å rydde strandsøppel? Du kan utfordre familie, vener og næringsliv til å sponse deg per sekk/kilo med søppel du samlar inn. Det gjorde elevane på niandesteget på Hareid ungdomsskule. Dei rydda over 500 kilo marint avfall på Alme. Belønninga for dette var over 20.000 kroner til TV-aksjonen!

LES OGSÅ: Slik kan du gi til TV-aksjonen

Tips til ryddeaksjonen:

  • Rydde-appen er eit fint verktøy for å planlegge aksjonen. Her kan du sjå kvar andre har rydda, kvar det er behov og legge inn din eigen aksjon i kalenderen. (App-store og Google play)
  • Det finns lokale eldsjelar som arrangerer ryddeaksjoner og som kan kome med råd og tips. Sjekk ut mellom anna Hareidbarka fjøreplukkarlag.
  • Alt strandryddeavfall kan du levere gratis til SSR. 
  • Plastsekkar og hanskar (fleirbruks – kan vaskast) er også tilgjengelege på rådhuset.
  • Husk at alt plastavfall på øya blir rekna som strandryddeavfall – dermed kan du også rydde i grøftekanter og kratt – ikkje berre svaberg og fjøre. Plasten vil uansett finne vegen til havet om vi ikkje fjernar det