Undergangen ved ungdomsskulen er delvis stengt

Men det er ikkje eit alternativ å gå eller sykle over hovudvegen.Klikk for stort bileteDet er vatn i undergangen ved ungdomsskulen. Pallane, som blei lagt ut som ei mellombels løysing for å gå tørrskodd over, fungerer heller ikkje som tenkt. Jon-Rune Skorgen  

Klikk for stort bileteVi vil jobbe så raskt som råd for å løyse problemet. Forhåpentlegvis startar gravinga allereie i dag tysdag.OPPDATERT:  Teknisk vakt i kommunen vil sørge for at det ikkje vil vere vatten i undergangen når elevar skal til og frå skule.

Meldingane for veka som kjem er ganske bra. Derfor utsett vi gravinga til haustferien. Då vil nemleg undergangen bli heilt stengt.

***

Den siste tida har vi slitt med at undergangen ved ungdomsskulen har fylt seg med vatn. Dessverre ser vi med eigne auge at barn ikkje skjønar risikoen og vel å krysse hovudvegen når undergangen ikkje er farbar. Kommunen har også blitt kontakta av bekymra bilistar og politiet om problemet.

Vatnet i undergangen skuldast ein sandfangar som ikkje verkar som den skal. Den mellombelse løysinga med utlagde pallar, har heller ikkje fungert slik vi håpa.

 

I utgangspunktet er det fylkeskommunen som har ansvaret for undergangen sidan hovudvegen er fylkesveg. Kommunen vil likevel starte å grave så raskt som råd. Vi tar problemet på største alvor og  mellom anna har ordførar Bernt Brandal og kommunalsjef Kai-Rune Bjørke vore på synfaring. Målet er å få fiksa problemet så kjapt som mogleg.

Vi har derfor følgande meldingar til dei som er råka:

Til elevar ved skulane: Det er faktisk ganske farleg å springe over vegen. Bilane køyrer i 60 kilometer i timen. Når bilar må bråstoppe fordi du spring ut i vegbana, kan det oppstå farlege situasjonar. (Og vi vil helst ikkje tenke på kva som kan skje om dei ikkje klarer å stoppe.) Ta derfor den ekstra omvegen om Pålhaugane og Miljøgata.

Til foreldre, føresette og andre voksne: Vi ber dykk ta ein prat med barna dykkar om risikoen knytt til å krysse hovudvegen. Medan undergangen er stengt, vil det vere lurt å berekne 5-10 minutt lenger skuleveg.

Rektorane og skulesjefen er også på saka og har sørga for at lærarane snakkar med elevane og at foreldre får melding om at undergangen er stengt.

Hareid kommune har også kontakta politiet for å få hjelp til trafikkavviklinga om problemet ikkje blir løyst.