Ungdommane diskuterte trafikktryggleik, UKM og Opplev Hareid

Les referatet frå Ungdomsrådet sitt møte den 7. mai 2019.

Klikk for stort bileteUngdomsrådet i Hareid kommune.

Det har vore jobba mykje med UngKulturMøtes (UKM) og vi har så mange unge talent i kommunen vår. Vi er superstolte av Ufokusert som representerer Hareid har gått vidare til landsmønstringa i Stjørdal.

Vi har søkt støtte til vidare satsing ilag med Ulstein og fått tildelt kr 15.000,- for å jobbe med heilårleg UKM. Dette inneber mellom anna at vi kan arrangere workshops og arrangement knytt til ung kultur.

Som ledd i denne satsinga arrangerer vi Mini UKM i parken under Opplev Hareid – og vi gler oss til å vise fram kva som spirer og gror av unge talent både på scene, kunst, konferansier og media.

Spaltistar i avisa

Vi har blitt utfordra av Vikebladet Vestposten til å vere med på å skrive laurdagskommentaren i avisa. Vi synes dette er ei fin moglegheit til å ta opp tema som er viktige for oss, og vi har utarbeidd ein turnus med kva tema som vi ynskjer å belyse.

Vi tek gjerne imot tips om tema frå andre ungdom – det er berre å ta kontakt med oss i ungdomsrådet eller skriv ei melding på facebooksida vår.

Vi er viktige for kommunen – våre meiningar tel.

Ei sak som var tema i dag var Ungdomspanelet i Møre og Romsdal si kartlegging av rammevilkår 2018 og kvifor ungdomsmedverknad er viktig. Det er utarbeida ein rettleiar og vi ønsker å sette oss meir inn i kva dette betyr for oss. Viktige saker som vedkjem oss, skal vi involverast i. På dette møtet fekk vi informasjon om at det har starta opp eit planarbeid om trafikktrygging i Hareid. Det er viktig for oss at vi har trygge og gode vegar. Denne prosessen vil vi fylgje og oppmodar innbyggjarane om å engasjere seg og gje innspel til planen.

Det er gjennomført Ung Data undersøking i vår kommune – og no ventar vi på resultata. Denne undersøkinga seier noko om korleis dei unge har det i Hareid og vi i Ungdomsrådet skal vere involvert i det vidare arbeidet. Vi ynskjer å seie noko om kva som ligg i tala og statistikken og kome med forslag til tiltak på kva som kan gjerast med utfordringar knytt til denne.

Arrangement

Vi er engasjerte i bygda vår og under Opplev Hareid er vi med både i planlegginga og gjennomføringa. Vi jobbar med fleire arrangement og er svært glad for at det skjer noko for ungdomen. Ungdomsrådet står som arrangør for tre arrangement knytt til Opplev Hareid.

Torsdag 20.juni planlegger vi opning av ungdomsklubben på Rådhuset  - dette blir stas og eit svært etterlengta tilbod.

Fredag 21. juni er det ungdomskveld på Melshorn Hotel

Laurdag 22.juni arrangerer vi MiniUKM i Parken.

Lik  og del FB sida vår og følg med kva som skjer.